Kvar måndag kl. 19.00 til 21.00 held BUL Kristiansand leikskeid, der du kan læra ymse dansar. Dansane varierer, og kan vera alt frå songdans og tretur til telegangar og rørospols.
Prisen er 600 kr i halvåret, eller 200 kr for medlemer. Ungdomsmedlemer (26 år og yngre) kjem inn gratis.
Kvar onsdag kl. 17.30 til 19.30 har BUL-koret øving i BUL-salen.
BUL-koret vart skipa i 2004 av medlemer i BUL. Dirigenten er Synnøve Dybesland.
Ein eller to sundagar i månaden har Kontradansgruppa i Agder dansekveld i BUL-salen.
Kontakt Liv Arvidsson om du vil vera med: liv.arvidsson@gmail.com, tlf. 41 63 75 08.
Kvar onsdag kl. 19.45 til 21.30 har BUL møte med kulturelle tilskipingar av ulike slag, servering og dansekveld til levande musikk. Dansekvelden tek til etter 21.00 pluss/minus 15 minutt.
Programliste med komité og leikleiar
Opplysingar om dei ymse tilskipingane ser du i denne oversyna:
| Dato | Tilskiping |
|---|---|
| 14. jan. | Sosiale fellesskap i Samfunnsplanlegging: Ulrik Vikestad Thorsen fortel om si masteroppgåve. Dans til Spotify-musikk. |
| 21. jan. | Konsert med duoen Gard Nergaard og Alvina Herbinger Rygne. Desse spelar òg til dansen. |
| 28. jan. | Alf Kjetil Igland: Magnhild Hagelia - føregangskvinne og kulturberar. Dans til levande musikk av Arne Rislaa. |
| 4. feb. | Årsmøte i BUL Kristiansand. |
| 11. feb. | Allsang med trekkkspel ved Åse Lill Eftestøl. Dans til levande musikk av Takt og tone. |
| Veke 8 | VINTERFERIE |
| 25. feb. | Konsert med Kristian «Kjellemann» Mathiassen. Dans til levande musikk av Agder Spelemannslag. |
| 4. mar. | Erik Mustad: Irland og Storbritannia etter Brexit. Dans til levande musikk av Takt og tone. |
| 11. mar. | Gaute Heivoll fortel om forfattarskapen sin med vekt på dei siste bøkene. |
| 18. mar. | Peter Wemø: Visekonsert. Dans til levande musikk av Strøge’. |
| 25. mar. | Føredrag v/Silje Espeland Johannessen: Sigrun Skar – nasjonsbyggjar, identitetsbyggjar og bunadsbyggjar. Dans til levande musikk av Gro Fosteråsen. |
| Veke 14 | PÅSKE |
| Veke 15 | |
| 15. apr. | Reidar Mosland: Fattigdom og motkultur i Kristiansand på 1800-talet. Dans til levande musikk av Takt og tone. |
| 22. apr. | Morten Jentoft: Tre år med krig - noko håp for fred mellom Russland og Ukraina?. Dans til levande musikk av Arne Rislaa. |
| 29. apr. | Dansekveld med Sørlandet Spelemannslag. |
| 6. mai. | Jawad Raja: Skapt for ære. |